2. Plass i 1. Divisjon!

Me gratulerar oss sjølve med ein strålande 2. plass i 1. divisjon i Grenland Internasjonale Brass Festival!
Etter ein ein fantastisk kyrkjekonsert i Skien Kirke på fredag 27 april, hadde me 2 konkurransekonsertar på laurdag.
Me var svært nøgde med framføringane, og då er det ekstra kjekt å vise til ei fabelaktig plassering i 1. divisjon!
Dette var første gong me tok del i denne divisjonen.

No ser me fram mot våren og konsert for å markere sesongavslutninga, søndag 3. juni (Meir informasjon kjem).

Vårprogram

Utover våren satsar Rong Brass på Grenland Internasjonale Brass Festival, siste helga i april.  Me har vore med på denne konkurransen 3 gongar tidlegare og har då stilt i 2. divisjon med 2 sigrar og 1 andreplass å skilte med.  I år vert det andre bollar, og me har drista oss opp i 1. divisjon. Å spele i 1. divisjon stiller høgare krav til framføring i tillegg til krav om meir utfordrande musikk og program.  Heile 3 gongar skal me i elden i løpet av ein fredagskveld og ein laurdag.  Ein kyrkjekonsert, ein pliktkonsert og eit sjølvvalgt program skal framførast.  For deg som allerede er i området, eller du som er ihuga Rongfan og stiller opp uansett kvar i landet me konkurrerer skal du få deg ei flott oppleving!

I samband med dette satsar me på ein konsert i nærområdet (Øygarden) når dette nærmar seg, altså i slutten av april.  Gled deg til det!  (Meir informasjon om tid og stad kjem sjølvsagt!)

JULEKONSERTAR

Rong Brass vil i år som i fjor ha julekonsert i Blomvåg kyrkje, torsdag 8. desember klokka 19.00.

I tillegg vert det konsert i Sund Kyrkje tirsdag 6. desember klokka 19.00.

Det blir variert julemusikk og andre flotte stykker.

Ta med deg alle du kjenner og kom i julestemning med oss!

FørNM-Konsert

Søndag 5. februar spelar Rong Brass konsert i Eidsvåg Kirke, saman med 4 andre korps.

Dei andre korpsa er Tertnes Amatørkorps, Haukås Musikklag, Laksevåg Musikkforening og Tertnes Brass.

Konserten byrjar klokka 18.00.

 

Rong Brass spelar NM i Griegsalen, Grieghallen, 10. februar klokka 11.10.

I år spelar me i 2. divisjon og spelar som nummer 3.